Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Dette studiet gir deg ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå antikken og fram mot vår tid, i tillegg til grunnleggjande kunnskapar i teori og metode.
Kva lærer du?
Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved Høgskulen i Volda skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Vil du studere vidare?
Årsstudiet tilsvarer første året i Bachelor i historie ved Høgskulen i Volda og kan etter søknad godskrivast bachelorgraden.
Kva jobb kan du få?
Studiet kan saman med anna utdanning kvalifisere for jobb innanfor mange forskjellige område. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar ved til dømes arkiv, bibliotek og museum hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen innanfor ei godkjent lærarutdanning.