Nøkkelinformasjon

Logo Høgskulen i Volda
Logo Høgskulen i Volda

Lærested

Studiested

Høgskulen i Volda

Nivå

Lavere nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Studietempo

Deltid

Om studiet

Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Høgskulen i Volda tilbyr ei heilt ny og unik vidareutdanning innan helsefag, som den einaste høgskulen i landet. Målgruppe for vidareutdanninga: Sosialarbeidarar som jobbar med ulike sårbare brukargrupper som både har sosialfaglege og helsefaglege utfordringar. For eksempel tilsette i tenesta for funksjonshemma, rehabilitering og eldreomsorg, rus, psykisk helse, einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar og ungdom i barnevernsinstitusjon. Studieavgift kr 8 000 (kr 4 000 pr. semester). Kommunen kan søkje fylkesmannen om støtte til studieavgift og andre utgifter. Samlingsveker i 2022 er onsdag-fredag i veke 5 (digitalt), 18 og 39.

Studiet fokuserer på korleis helseperspektivet kan supplere det sosialfaglege perspektivet. Dette vil legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren. Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg. Studiet gir innføring i grunnleggande medikamenthandtering, og rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet. Fullført studium skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen. Eitt emne - sju tema Anatomi/fysiologi Sjukdomslære/funksjonssvikt Farmakologi/legemiddelhandtering Førebyggande helsearbeid Grunnleggande omsorg/pleie Sentrale lover og organisering Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling

Undervisningsopplegg

Helsefag for sosialarbeidarar er eit nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar på tre dagar (to samlingar i vårsemesteret og ei samling i haustsemesteret). Mellom samlingane jobbar studentane i nettbaserte læringsgrupper. Mellom andre og tredje samling skal det vere sju dagar klinisk praksis innan helsefag. Dette er obligatorisk. Studentane er sjølve ansvarlege for å skaffe praksisplass. Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs. Det er fire arbeidskrav. Avsluttande eksamen er ei individuelle skriftleg heimeoppgåve på 4000 ord.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4130

Anbefalt forhåndskunnskap

Utdanning innanfor sosialt arbeid, som sosionom eller barnevernspedagog på minst bachelornivå vil bli prioritert. Søkarar med anna relevant utdanning på minst bachelornivå og/eller søkarar med dokumentert helse- eller sosialfaglig arbeidserfaring, kan få særskilt vurdering.

Alle utdanninger innen