Nøkkelinformasjon

Logo Høgskulen i Volda
Logo Høgskulen i Volda

Lærested

Studiested

Høgskulen i Volda

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Semester

8

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

20. april

Om studiet

Masterutdanninga gir deg kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom fokus på relasjonsorientert brukarretta kommunikasjon, samarbeid med brukarar, pårørande og andre profesjonelle lærer du kva som kan fremje utvikling, meistring og myndiggjering (empowerment). Du vil få omfattande innsikt i korleis strukturelle forhold bidreg til ulike vilkår for meistring for ulike brukargrupper. Studiet vil bidra til at du utviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, for å fremje eigen meistring og myndiggjering i din profesjonelle rolle.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert for både deltids- og fulltidsstudentar, og gjer det mogleg å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Canvas). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester. Studenten kan i tillegg velje relevante valfrie emne. Studiet vert avslutta med skriving av masteroppgåve. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4539

Anbefalt forhåndskunnskap

Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag. Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing. Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang. For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav minimum 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.

Utveksling

Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.

Alle utdanninger innen