Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet skal gi deg kompetanse til å vidareutvikle kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit for å styrke profesjonsutøving, og til å leie og utvikle helse- og sosialtenester.
Masterutdanninga har fokus på kva forhold som kan fremje og hindre meistring og myndiggjering - både på strukturnivå og i samhandling mellom profesjonsutøvarar, brukarar og pårørande i det helse- og sosialfaglege feltet.
Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere mastergrada di innanfor rus og avhengigheitsproblematikk, folkehelse og helsefremjande samfunnsutvikling og meistring og myndiggjering.
Ved studiestart kan du velje studieprogresjon i form av deltid eller heiltid. Progresjonen kan også justerast undervegs, ved behov.