Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
17. november 2023.


Om studiet
Høgskulen i Volda har eit høgt kvalifisert fagmiljø innanfor idrett og friluftsliv. Mykje av undervisninga er lagt til den varierte og utfordrande sunnmørsnaturen. Høgskulen har også eigen kystfriluftslivsbase med både naust, båtar, telt og hamner. Utdanninga gir deg brei kompetanse til å kunne arbeide med opplæring, guiding og helsefremjande arbeid med ulike målgrupper i naturen. Liste over personleg utstyr for studiet. Følg oss på Facebook og Instagram!
Studieprogrammet skal gi deg personleg og fagleg utvikling både teoretisk og praktisk, og kompetanse til å forstå og utøve profesjonsrolla som friluftslivsvegledar og naturguide. Det første studieåret får du grunnleggande innføring i friluftsliv og rettleiing. Undervisninga er lagt til ulike naturtypar. Det andre studieåret er naturguiding i fokus, og du skal opparbeide solide og omfattande ferdigheiter som guide sett i høve til reiseliv og turisme. Fokus vil vere retta mot å gi gjestar ei trygg og god naturoppleving. I det tredje året vert det lagt vekt på helsefremjande arbeid og motivasjonsspsykologi.
Undervisningsopplegg
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Opplevingar og erfaringar studentane får ute vil gi grunnlag for drøftingar og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil dermed veksle mellom turprega utandørsopphald, som kan vare over fleire døgn, gruppearbeid, plenumsdrøfting og forelesing. Semesterplanen gir nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 223 440
Anbefalt forhåndskunnskap
Utveksling
Det er mogleg å ha internasjonal utveksling i haustsemesteret i det tredje studieåret. Studentar kan gjennomføre dette semesteret ved ein av våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Canada og Tsjekkia.