Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Årstudium i friluftsliv gir deg kompetanse i undervisning og vegleiing i friluftsliv med den spektakulære sunnmørsnaturen som klasserom. Studiet er svært relevant for lærarar og andre yrkesgrupper som vil arbeide med barn og unge.
Kva lærer du?
Du får kunnskap om og allsidig kjennskap til ferdsel i ulike former for natur under vekslande tilhøve. Du får mellom anna:
- kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
- kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
- kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
- kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
Vil du studere vidare?
Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, kan du få godskrive årsstudiet i Bachelor i friluftsliv, leiing og naturguide ved Høgskulen i Volda.
Følg oss på Facebook og Instagram!