Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Nettstudiet i forvaltningsarbeid gir innføring i ulike sider ved offentleg forvaltning. Du får mellom anna kunnskap om styring, politikk og demokrati, omstilling, brukarorientering og grunnleggande innføring i forvaltningsrett og arbeidsrett.Studiet passar for deg som vil oppdatere deg på fagfeltet ditt, eller for deg som ønskjer kunnskap om nye fagområde. I dette studiet kan du utvikle teoretisk og praktisk kunnskap om offentlege reformar og utviklingstrekk. Emnet er særleg eigna som vidareutdanning for yrkesaktive med erfaring frå offentleg forvaltning. Det passar også for deg som ikkje har studert før, og som ønskjer å lære meir som samspelet mellom politikk og forvaltning om mellom offentleg forvaltning og samfunnet. Emnet er også eit første steg mot ein bachelorgrad ved Høgskulen i Volda, for eksempel bachelor i samfunnsutvikling. Kvifor velje dette emnet? Fleksibel læring: Med våre nettleksjonar og læringsfilmar kan du studere når og kvar det passer deg. Du kan studere ved sida av jobb. Praktisk kunnskap: Lær om offentleg forvaltning, forvaltningsrett og arbeidsrett gjennom praktiske eksempel og case-oppgåver. Kva lærer du? Offentleg forvaltning: Forstå korleis offentleg forvaltning er strukturert og blir styrt.Juridisk kunnskap: Lær om forvaltningsrett og arbeidsrett som gjeld for offentleg tilsette.Kommunikasjon: I emnet får du praktiske øvingar der du skal formulere faglege argument på ein tydeleg måte. Gjennom innsending av skriftleg arbeid vil du få verdifull tilbakemelding som kan hjelpe deg å forbetre det akademiske språket. Du lærer om korleis du strukturerer ein tekst for å formidle bodskapen på ein god måte. Studiet har ei studieavgift på kr 5 000, i tillegg til semesteravgift. , full_html