Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Tilbodet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS (geografisk informasjonssystem) og bygger på innføringsemnet PLA121.
Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.