Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
10

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

2. februar 2024.

Om studiet

Examen philosophicum skal gi deg innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Dei sentrale fagområda er filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi. Emnet kan inngå i bachelorgradar, og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta. All undervisning og eksamen er nettbasert.

Fagstoffet er delt i tre delar: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp.); oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Etikk (3 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor moralfilosofien. Vitskapsfilosofi (2 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Undervisningsopplegg

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Canvas, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Canvas, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i emneplanen.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3917

Anbefalt forhåndskunnskap

Alle utdanninger innen