Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet skal gi deg kompetanse i skapande handling. Du skal få kunnskap om kunstnariske uttrykksformer, visuell kommunikasjon, arkitektur og design.
Kva lærer du?
Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing er berande innhald gjennom alle tre åra.
Kva jobb kan du få?
Studiet gir kompetanse som er relevant for mange yrkesretningar både i privat og offentleg sektor. Det praktiske og skapande arbeidet i studiet tek utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Fullført bachelorgrad kvalifiserer for opptak på Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir deg undervisningskompetanse. Studiet kan også opne for jobbar innanfor fagfelta visuell kommunikasjon, design og reklame.
MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030.
Følg oss på Instagram og Facebook!
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Som student ved Bachelor i design, kunst og handverk kan du ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Storbritannia og USA.