Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet gir deg innsikt i Midtausten og korleis faktorar av historisk, religiøs, kulturell og etnisk art spelar ei rolle for dei politiske motsetnadene i regionen.
Midtausten er nemninga på ein geografisk vagt definert region med felles kulturell referanseramme. Kjerneområdet omfattar beltet av land frå Egypt i vest til Persiabukta i aust med landa på Den arabiske halvøya og Iran. Det er delt i fire hovudtema: Kulturell og religiøs bakgrunn, Midtausten og Palestina og kampen om Jerusalem.
Emnet er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører og seinare vil gå vidare til mastergraden, får studiet automatisk godskrive.