Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
17. november 2023.


Om studiet
Har du lyst på eit meiningsfylt yrke, der du verkeleg er med på å forme framtida vår? Då kan barnehagelærar vere noko for deg! Utdanninga gir deg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøving av barnehagelæraryrket i eit samfunn prega av mangfald og endring. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn skal oppleve å leike, undre seg og lære, ut frå eigne føresetnader. Barnehagelærarar er etterspurde arbeidstakarar over heile landet. Det er eit meiningsfylt yrke med eit stort ansvar, der du får brukt deg sjølv og evnene dine på å rettleie barn på ein positiv måte. Utdanninga kvalifiserer deg for arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon.
Undervisningsopplegg
Undervisning i alle kunnskapsområda, dei to første studieåra, går gjennom eit heilt studieår. Kvart kunnskapsområde har ulike dagar i veka med undervisning. Det er lagt til rette for at det skal inngå ein del praktisk arbeid alle studieåra, relatert til dei ulike kunnskapsområda. Kunnskapsområda er profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap, som er tilpassa barnehagen sine fagområde. Undervisningsmåtar og vurderingsordningar er nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 223 130
Anbefalt forhåndskunnskap
Utveksling
Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit studieopphald i utlandet i femte semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseininga. Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet.