Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva lærer du?Gjennom utdanninga skal studenten tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer for utøvinga av barnehagelæraryrket. Målet er å utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Det vert lagt vekt på at det er viktig med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barnet og andre instansar med ansvar for barns oppvekst. Barnehagelærarutdanninga skal vere med å bidra til inkluderande praksis i barnehagen. Pedagogikken i barnehagen handlar om å kunne legge til rette for at alle barn i barnehagen, uansett alder og bakgrunn, skal oppleve å leike, undre seg og lære ut frå eigne føresetnader. Kva jobb kan du få?Utdanninga kvalifiserer deg for arbeid som pedagogsk leiar og styrar i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar er døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordningar og offentleg administrasjon. Kompetansen du får innanfor pedagogikk og leiing er også etterspurt i mange andre yrke. Med 60 studiepoeng vidareutdanning i fag innretta mot undervisning på småskulesteget, eller minst 60 studiepoeng spesialpedagogikk er barnehagelærarar kvalifiserte til arbeid i 1. til 4. klasse i grunnskulen.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Praksisopplæringa omfattar 100 dagar. 75 dagar er lagt til dei to første studieåra og 25 dagar til siste studieår. Førebuing og etterarbeid til praksis skal ikkje reknast inn i dei 100 dagane.Det er krav om 100 % deltaking i praksis for å få karakteren stått. Fråvere, uansett årsak, må takast igjen. Dette kan om nødvendig skje utanfor praksisperioden. Så langt det er råd skal studentane ha ein praksislærar av same kjønn i løpet av studiet og bli gitt høve til kontakt med praksisfeltet ut over den obligatoriske praksisopplæringa.Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit studieopphald i utlandet i femte semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseininga.Høgskulen i Volda har avtalar med fleire institusjonar i Europa (ERASMUS) og andre land (bilaterale avtalar). Studentar ved barnehagelærarutdanninga kan søkje om studieopphald ved ein av våre partnarinstitusjonar eller ein annan godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet. Les meir om utvekslingsmoglegheitene ved Høgskulen i Volda.