Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
120
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

21. november 2023.

Om studiet

Masterstudiet er profesjonsretta og set søkjelys på ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, der perspektiv på både samfunn, profesjon og barn vert lagt vekt på. Sentralt står den profesjonelle barnehagelæraren som skal bidra til å utvikle innhaldet i barnehagen. Graden gir relevant og etterspurt kunnskap til barnehagelærarar som ønskjer å auke kompetansen sin for arbeidet i barnehagen. Utdanninga kvalifiserer også for arbeid innanfor oppvekstsektoren eller til undervisning, som til dømes i universitet- og høgskulesektoren. Samlingane er primært fysiske med oppmøtestad Høgskulen i Volda, men også digitale læringsplattformer vert nytta. Det er fire samlingar à to dagar per emne.

Undervisningsopplegg

Det vert gjennomført undervisning i plenum og eventuelt i mindre grupper. Studentaktive læringsformer og digitale læringsplattformer som Canvas, Zoom og Teams vil bli nytta. Det vert gjennomført arbeid i grupper, seminar med presentasjonar og tilbakemelding på tekst, case m.m. Knytt til arbeidet med masteroppgåva vert det gjennomført oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar. Alle emna er obligatoriske og må gjennomførast for å få godkjent mastergraden. Studentar tek til på masteroppgåva semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på dette emnet.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4541

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar: • Førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning • Allmennlærarutdanning /grunnskulelærarutdanning • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning med relevant fagkrets Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog eller anna minimum treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering. Slik søker du