Fakta
Informasjon oppdatert
5. mars 2024.
Om studiet
Landskap er møte mellom menneske og fysisk miljø, og ramme for all menneskeleg aktivitet. Landskap er våre naturlege omgivnader, men dei er også sosiale og kulturelle. Landskap utgjer rom for nyskaping, utvikling og samarbeid, men også bakteppe for til dels alvorlege ressurs- og interessekonfliktar.
I denne modulen går me inn i (kultur)landskapet som ressurs for nyskaping og utvikling, og me utforskar nye utfordringar og potensial i møtet mellom det rurale produksjonslandskapet og det urbane opplevingslandskapet.
Viktige tema er:
- Kva er landskap?
- Landskap og samfunn
- Landskap og verdiskaping
- Landskapsforvalting
- Landskapskonfliktar og ”dialogbasert arealutvikling”
- Studietur med fokus på landskap og verdiskaping
Modulen er på 30 studiepoeng og kan inngå i år 2 av bachelorgraden nyskaping og regenerativ utvikling. Kurset vil i stor grad byggja på pågåande forskingsarbeid rundt landskap, nyskaping, jordvern og arealkonfliktar ved HLB.
Studiet er organisert som seks samlingar. Ei av desse er praksisveke i jærlandskapet. Les meir om praksisvekene her.