Nøkkelinformasjon

Om studiet

Både musikk og friluftsliv! Kan det bli betre? Bli med og dyrk dine interesser. Scene og konsertar. Natur og kultur i festivalbygda Voss. Samspel, fjellturer, seiling, festival.

På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv. Denne unike linja kombinerer begge delar! Her får du spele konsertar, stå på scena og dra på turné i eit kreativt miljø. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Du lærer begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø.

Dette gjer vi

Musikk

  • Samspel
  • Varierte bandprosjekt der du lærer å lytte og samarbeide
  • Arbeider med låtskriving og arrangering i fellesskap
  • Vi nyttar stort studio og MacLab for innspeling og produksjon
  • Konsertar og får scenetrening
  • Kurs i folkemusikk hjå Ole Bull Akademiet

Friluftsliv

  • Alpint i skianlegg, offpiste og i fjellet (årskort er inkludert)
  • Skitur
  • Fjelltur, hyttetur og telttur
  • Det blir mykje bålkos, gitar og allsong på tur
  • Klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på

Dette lærer du

  • Utvikle instrumentale ferdigheiter gjennom aktivt samspel og bandprosjekt
  • Låtskriving, arrangering og studioteknikk
  • Musikkteori
  • Planleggje og gjennomføre konsertar og turnear – frå øvingslokalet til scena
  • Grunnleggjande ferdigheiter innan variert friluftsliv i fjellet, ved sjøen og i lufta
  • Bli en trygg og god skikjører.
  • Planlegge og gjennomføre egne turer med kart og kompass.
  • Mestre teltliv, båltenning og matlaging utendørs.
  • Å meistre utfordringar og å styrke samarbeidsevna både på scena og på tur

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.