Nøkkelinformasjon

Om studiet

Både musikk og friluftsliv! Kan det bli betre? Voss kan by på begge delar. Dette er både ein stad for flotte naturopplevingar og ei anerkjend kulturbygd.

På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du læra instrument, spele konsertar og stå på scena. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Lær begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø!

Musikk

I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gjev uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.

Friluftsliv

I friluftsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom hausten har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og teltturar tll ei veke ved kysten der naturnært kystfriluftsliv er tema. Sjå eigen omtale om Litle Færøy. Når kulda kjem om hausten er det tid for å byggje sin eigen sauna ute i naturen. Og sjølvsagt blir det tid på linja til bålkos med gitar og allsong. I varmen frå bålet lagar med Dei beste pinnekebabene du kan tenkja deg. Målet er at du skal få prøve mest mogleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tida på.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.