Nøkkelinformasjon
Om studiet
Drøymer du om å utforske kunst og finne rom til å vere kreativ? Samtidig som du får tid og mulighet til å bruke naturen som inspirasjon og påfyll. Då er Kunst & Natur-linja for deg.
På Kunst & Natur handlar det ikkje om å vere «flink» på tradisjonell måte. Det handlar om å tørre, teste, feile, leike, tenkje nytt og slik finne ditt eige kunstnarlege uttrykk. Du blir ein del av eit kreativt fellesskap som brenn for å skape. På linja inspirerer vi kvarandre, deler idear og lagar eit miljø der du verkeleg får blomstre. Du får arbeide praktisk med prosjekta dine, prøve mange ulike teknikkar og materiale. Her er det heilt lov å tenkje stort, gå eigne vegar og gjere ting på din måte.
Gjennom året lagar vi eigne utstillingar. Både på skulen og ute i lokalmiljøet. Vi dreg på turar og besøker utstillingar, galleri og museum, både i Noreg og utlandet. I tillegg får du tid og rettleiing til å utvikle din eigen portefølje.
Skulen ligg fantastisk til, midt i vill og vakker vestlandsnatur. Hit har kunstnarar kome i lang tid, nettopp for å skape. Vi hentar òg mykje inspirasjon ute i naturen. Vi tek med skisseboka på tur, finn roa langt frå skjerm og støy, og brukar naturen både som pusterom og drivstoff til nye idear.
Dette vil du lære
- Tegning
- Trearbeid/sløyd
- Akvarell
- Keramikk
- Trykk (lino og etsning)
- Photoshop, Illustrator og InDesign
- Landart
- Redesign og søm
- Kunsthistorie
- Maling, olje og akryl
- Foto/mørkerom
- Videokunst
- Skulptur