Nøkkelinformasjon

Om studiet

Er du klar for nye eventyr på Voss! Meistring og eventyr på fjellet eller i havgapet. Varierte idrettar, klatring, jakt og fiske om du vil. Naturen og tilbodet i bygda innbyr til eit spennande halvår.

Er du klar for nye eventyr på Voss?

Hjå oss får du mengder av aktivitetar og opplevingar som vil gje deg eit minnerikt skuleår. Me tør påstå at idretts- og friluftsbygda Voss er ein perfekt plass for linja vår – naturen og tilbodet i bygda innbyr til allsidig og spennande aktivitet like utanfor døra.

Me har fokus på det sosiale og tek oss tid til å nyte turen, og ikkje minst naturen rundt oss. Turane våre er varierte; frå kjende attraksjonar til meir gøymde naturperler. Du vil læra masse uansett om du ikkje kan så mykje frå før, eller om du har mykje erfaring. Du vil få utfordringar, oppleve meistring og ikkje minst få eit flott samhald med turkameratane dine. Det blir lange samtalar kring bålet, overnatting i telt, hengekøye, snøhole og under open himmel.

Dette får du på linja:

Fokus er sunn idrettsglede og gleda over å vera i rørsle. Skulen har gymsal og nytt styrkerom, og me nyttar i tillegg bygdas idrettshallar og basseng. Linja har fokus på meistring, glede og læring. Du vil lære å ta gode valg for å ferdast i naturen under alle forhold. Du vil lære å glede deg over aktivitet saman med andre. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.