Nøkkelinformasjon

Om studiet

"Data & friluftsliv" - perfekt kombo! Kombiner lidenskapen for data & gaming, magiske opplevelser i naturen: ski i skianlegg og offpiste, fjell- og hytteturer, bålkos kajakk paintball. Godt miljø!

Lev draumen på Voss der teknologi møter eventyr! På linja "Data & Friluftsliv" får du den perfekte kombinasjonen av lidenskapen for data og gaming med magiske opplevingar i naturen. Her slepp du karakterpress og skulebenk. I staden får du skape, lære og utforske spennande fagområde som koding og 3D, samstundes som du ladar opp med ski, hytteturar, paintball og actionfylte opplevingar. Klasserommet ditt er både datarommet og den vakre naturen rundt Voss.

Linja er kjend for sterkt samhald og eit godt miljø, og du blir ein del av ei stor datafamilie med tidlegare elevar som gjerne deler erfaringar frå studie og vegen vidare. Fleire fagbesøk til studiestader og bedriftar.

Dette gjer vi

  • Køyrer masse på ski i skianlegg, offpiste og i fjellet (årskort er inkludert).
  • Spennande fagturar til Bergen, samarbeid med UiB!
  • Nydeleg vårtur i vakre Nærøyfjorden.
  • Jobbar med dine eigne, sjølvvalde "data" prosjekt
  • Får høve til å prøve adrenalinfylte aktivitetar som klatring, vindtunnel og fallskjermhopp.
  • Kjekke prosjekt med andre linjer
  • Gaming, LAN og eSport er ein del av kvardagen i vårt kjekke Datarom

Dette lærer du

Data

  • Koding, programmering, web og spelutvikling.
  • 3D-modellering
  • Datasikkerheit og etisk hacking på ditt nivå.
  • Grafikk og mykje anna i Adobe-pakka.
  • Arrangere LAN-parties
  • Jobbe med eigne prosjekt.

Friluftsliv og opplevingar

  • Bli ein trygg og god skikøyrar.
  • Å planleggje og gjennomføre eigne turar
  • Teltliv, bål og matlaging utandørs.
  • Paintball, hytteturar, snøhole, mat på bål og mykje meir!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.