Nøkkelinformasjon
Om studiet
Musikk feat. Friluft
Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.
Du lærer meir om låtskriving, samspel, arrangering, opptak og
miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. Når låta
di er spelt inn, er det tid for musikkvideo. På skulen sin
musikal i kulturhuset for 2500 tilhøyrarar kan du stå på scena,
spele i band eller jobbe med lyd/lys. Du får også konsertar,
artistmøter og tilbud om sangpedagog.
På Norges kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda
meir. På go’versdagar blir du gira av kajakk, ski, surfing,
klatring, grottevandring, Via Ferrata, RIB og vannsport. På
studieturen til London får du ulike workshops, musikalar og
konsertar før du reiser rett videre på interrail gjennom ulike
land i Sør-Europa.
Dette er eit år der musikk vert miksa med dei beste
friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.
Det meste av det beste:
Studietur London | Interrail Europa | Huskonsertar | Musikal | Studioarbeid | Låtproduksjon | Jamsessions | Loop pedal | Rytme-/høyrelære | Låtskriving | Band | Musikkvideo | Samspel | Sangteknikk | Kor/vokalgruppe | Besifring piano/gitar | Surfing | Toppturar | Ski/brett | Grottevandring | Klatring | Kajakk | Via Ferrata | RIB | Vannsport | Hengekøyecamp