Nøkkelinformasjon

Om studiet

Musikk feat. Friluft

På denne linja møter du andre som er akkurat som deg: Gira folk som vil ha mest mogleg musikk, men ikkje nødvendigvis alle dagar. Dei dagane sola skin pakkar du heller tursekken og utforskar Sunnmøre.

Musikk
For å ta ein ting av gongen: Dei fleste dagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her utviklar du deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.

Du vil lære meir om låtskriving, vokalteknikk, samspel, arrangering, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk når låta di skal spelast inn. På skulen sin musikal kan du stå på scena, spele i band eller jobbe med lyd/lys foran 2500 tilskodarar. Det blir også konsertar, artistmøter og undervisning av ein songpedagog.

Friluft
På go’versdagar får du likevel så mykje meir. Då blir du gira av kajakk, ski, surfing, klatring, grottevandring, Via Ferrata, RIB og vannsport. Det krydrar kvardagen og du testar deg på nye områder.

Dette er som sagt eit år der Musikk feat. Friluft.
Det vil du vel ikkje gå glipp av?

Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja på sunnmore.fhs.no/linjer/musikk-friluft

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.