Nøkkelinformasjon

Om studiet

På Multisport vert du komfortabel langt, langt utanfor komfortsona! Her får du eit år med sportsprega friluftsliv.

Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen og jaktar puddersnø og urørte fjellsider i kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med 300 hk inn vakre Hjørundfjorden. Du går Via Ferrata, sykler opp Trollstigen og køyrer snøscooter. 

Rundt leirbålet på kvelden finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar med gode klassekameratar. Middagen lager du på bålet og du sovnar mett, sliten og tilfreds i hengekøya under ein open stjernehimmel. I morgon ventar ein ny fullspekka dag!

På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 250 kroner for eit halvt skuleår. 

Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her.

Linjeinnhald
Strandafjellet Skisenter | Surfing i Hoddevika | «Oppdrag Hjørundfjorden»  | Klatring (bratt kort) | Elv-/grotteklatring | Terrengsykling | Toppturar | «Pudderjakt» | Via Ferrata | Skredkurs | Sunnmørsalpane | Vannski/kajakk/fridykking |Snøholetur | Snøskuter | Curling  | RIB-turar | Grottevandring | Sykkel Trollstigen

Info om halvårskurs
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, lærlingplass, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er også greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen til eit halvårskurs.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.