Nøkkelinformasjon
Om studiet
På Multisport vert du komfortabel langt, langt utanfor komfortsona! Her får du eit år med sportsprega friluftsliv.
Du ferdast i mektige Sunnmørsalpar, klatrer Bladet i Molladalen
og går på kvasse vestlandfjell. Du måler krefter med storhavet på
eit surfebrett i Hoddevika eller på vannski bak ein RIB-båt med
300 hk.
Rundt leirbålet heime finn du ei eiga ro og deler dagens oppturar
og nedturar med gode klassekameratar. På bålet blir middagen
tilbereda og du sovnar mett, sliten og tilfreds i ein sovepose
under stjernehimmelen.
I Sør-Afrika er det tid for bl.a. fallskjermhopp, verdas høgaste
strikkhopp (216 m), surfing, beach-aktivitetar, safari og besøke
fengselcella til Nelson Mandela.
På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter 50m frå
skulen. Dette, og byens badeland og klatrehall, kan du bruke så
mykje du vil for 250 kr for eit halvt skuleår.
Fortsatt nysgjerrig? Les meir om linja her
Linjeinnhald:
Sør-Afrika | Surfing i
Hoddevika | Klatring (bratt kort) | Elv-/grotteklatring |
Terrengsykling | Toppturar | Via Ferrata | Sunnmørsalpane |
Fallskjermhopp | Strikkhopp 216 m | Vannski/kajakk/snorkling |
RIB-turar | Sykkel Trollstigen
Info om halvårskurs:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på
folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller
jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er
lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det
sosiale miljøet.
Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.