Nøkkelinformasjon

Om studiet

På Volleyball halvår vår kan du få satse fullt på volleyball eit halvt år. Du kan få kombinere toppsatsing med ei spennande folkehøgskuleoppleving. Ledig plass for jenter.

Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same interessa. På Volleyball vår er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skadeforebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divisjon).

Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevolleyball.

Linja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

Kampar tilpassa ditt nivå

Sunnfjord IL og Førde VBK har lag på følgande nivå:
– Elite kvinner (FVBK)
– 2. div. kvinner (Sunnfjord IL)
Sunnfjord IL har lag i 2.divisjon. Har du elite- eller 1.divisjons erfaring? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Noreg.
Les meir om Førde VBK her.

Volleyballinja har nært samarbeid med ein fysioterapeut. Han har god kunnskap om volleyball-skadar.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.