Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.

Vi starter normalt opp med fotball og beachvolleyball.I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.

Normalt køyrer vi eit våttkurs i elvekajakk på hausten. Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.

I løpet av hausten skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør.

På linjeveka i oktober reiser vi til Geilo for å teste ut stisykling. 

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat og plukke litt bær og sopp. 

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.