Nøkkelinformasjon

Om studiet

På Helse & Trening skal vi ha det kjekt med varierte treningsformer - både utandørs, i gymsal og på treningsstudio! Du vil lære om fysisk og psykisk helse, ernæring og velvære - med fysisk aktivitet s

På Helse & Trening skal vi ha det kjekt med varierte treningsformer - både utandørs, i gymsal og på treningsstudio! Du vil lære om fysisk og psykisk helse, ernæring og velvære - med fysisk aktivitet som innfallsvinkel.

På Helse & Trening vil du få prøve ut mange forskjellige treningsformer og aktivitetar. I kvardagane vekslar vi mellom tradisjonell styrke- og kondisjonstrening, ulike idrettar, og variert helseretta undervisning. Vestlandet er eit eldorado for utandørs aktivitetar, så på hausten og våren forsøker vi å nytte oss mest mogleg av det. I tillegg til dei kvardagslege treningane, vil du for eksempel få spektakulære opplevingar som å surfe i Hoddevika, klatre Via Ferrata i Loen, stisykle på Geilo, og padle elvekajakk i Jølstra.

I tillegg har skulen eigen gymsal og treningsstudio, samt tilgang til Førde klatresenter, som vi nytter oss mykje av når det freistar mindre å vere ute. Dette er fasilitetar som òg er tilgjengelege for deg på fritida. Parallelt med varierte aktivitetar, vil du få lære meir om helse og velvære, både gjennom undervisning, studieturar, workshops og avspenningsteknikkar som meditasjon og mindfulness. Alt i eit trygt og positivt miljø, kor du vil knytte sterke band og få venner for livet!

Vårt mål er at du skal oppleve trenings- og idrettsglede, meistring og fellesskap. Vi trur på fellesskapet som ein helsefremmande arena, og vil gjere vårt ytterste for at du skal få oppleve det hos oss!

Studieturen går til Sri Lanka. Les meir om den lenger nede.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.