Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.

Vi startar normalt opp med fotball og beachvolleyball. I mars skal vi delta påskulemeisterskap i volleyball. Då stiller Sport Adventure lag i mix-klassen. Det blir naturlig å trene mot dette i tida før. Dette er ei volleyballturnering der vi gjer vårt beste og har det samtidig gøyast av alle. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året.

Normalt køyrer vi eit våttkurs i elvekajakk på hausten. Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat og plukke litt bær og sopp. 

Studieturen går til Sri Lanka. Les om den under studieturar.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.