Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du har kanskje kjent det allereie: eitt år på folkehøgskule er ikkje nok. Du vil bli verande litt til – og vere med å skape det som gjer året uforgløymeleg for andre.

Som Stipendiat // Miljøassistent får du ei viktig rolle i fellesskapet. Er dette noko for deg?

om Stipendiat // Miljøassistent er du andreårselev ved skulen – og ein nøkkelperson i miljøet. Du er tett på elevane i kvardagen og bidreg til at dei trivst, kjenner seg trygge og får eit best mogleg år.

Du får opplæring i relasjonsbygging, kommunikasjon og rolla som miljøarbeidar, og utviklar erfaring som er relevant vidare – enten du vil jobbe med menneske, studere eller ta meir ansvar seinare.

Stipendiatane er både knytt til ei eiga gruppe og til ei linje eller eit ansvarsområde. Du er ein del av fellesskapet, men også ein som ser, inkluderer og følgjer opp andre.

Dette vil vere ein del av kvardagen din:

  • Vere ein trygg og synleg rollemodell for elevane
  • Skape trivsel og bidra til eit godt sosialt miljø
  • Vere til stades på fritid, kveldar og i helgar (etter turnus)
  • Ha ansvar for eller bidra på elevkveldar og aktivitetar
  • Følgje opp elevar gjennom samtalar og uformell kontakt
  • Samarbeide tett med lærarar og internatleiarar

Du får rom til å påverke og forme miljøet på skulen. Gode initiativ blir lagt merke til – og sett ut i livet.

Dette er ikkje berre eit nytt år på folkehøgskule.
Det er eit år der du betyr noko ekstra for andre.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.