Nøkkelinformasjon
Om studiet
Du har kanskje slått det fast allereie: eitt år på folkehøgskule er ikkje nok. Du vil meir. Som Stipendiat // Fagleg assistent får du vere med vidare – med ansvar og ei viktig rolle i skulekvardagen
Som Stipendiat // Fagleg assistent er du andreårselev og ein aktiv del av både det faglege og sosiale livet på skulen. Du jobbar tett saman med lærarar og elevar, og fungerer som eit bindeledd i kvardagen.
Du får opplæring i folkehøgskulen sin filosofi og pedagogikk, og utviklar erfaring med leiing, formidling og praktisk tilrettelegging. Dette er kompetanse du tek med deg vidare – uansett kva du vil etterpå.
Stipendiatane er organiserte både i eiga gruppe og knytt til ei linje eller eit fagområde (til dømes aktivitetar, prosjekt, kommunikasjon eller rekruttering). Du får ansvar, men også rom til å forme rolla di ut frå eigne styrkar og interesser.
Dette vil vere ein del av kvardagen din:
- Bidra i planlegging og gjennomføring av undervisning og aktivitetar
- Vere reiseleder på skolens studeturer
- Vere ein støtte for elevar – fagleg og sosialt
- Ta ansvar for eigne oppgåver og prosjekt
- Delta aktivt i studieturar og skulekvardagen
- Bidra til informasjonsarbeid, arrangement eller utviklingsarbeid
- Vere ein synleg og trygg rollemodell i miljøet
Du blir ein viktig del av det som skjer – både i og utanfor klasserommet. Samtidig får du utvikle deg sjølv gjennom ansvar, samarbeid og erfaring.
Dette er ikkje berre eit ekstra år.
Det er eit år der du får vere med og skape det.