Nøkkelinformasjon

Om studiet

Du har kanskje slått det fast allereie: Det held ikkje med eitt år på folkehøgskule. Du vil ha meir! Du vil vere andreårselev - eller stipendiat som det blir kalla i folkehøgskulen. Leiarlinja!

Som assistent er du andreårselev på skulen. Du vil vere eit viktig bidrag inn mot skulen sine aktivitetar og fungere som eit bindeledd mellom elevar og lærarar. Du vil få fagleg undervisning, opplæring i folkehøgskulen sin filosofi og pedagogikk, leiartrening, systematisk oppfølging, veiledning og god erfaring med miljøarbeid. Assistentane bidrar til å skape aktivitet, er oppdatert på alt som skjer på skolen og bidrar til at alle føler seg trygge og trivast.

Assistentane vil være knytt til ei linje, delta i klassa og få oppgåver og oppfølging av linjeleiar. Du vil som hovudregel vere med på denne linja sin studietur.
I tillegg skal assistentane ha oppgåver og ansvar i fellesfag, tilsyn etter oppsett plan, fellestid og i fritida for elevane. Assistentane kan etter eige ynskjer og med utgangpunkt i eigne kunnskapar, ha sjølvstendige valfag.  
Assistentane skal ha et særleg fokus på miljøarbeid blant elevane. Assistentane har ei viktig rolle i forhold til den enkelte elev sin trivsel, og oppfølging av enkeltelevar og samtalar er en viktig del av oppgåvene.
Eksempel på andre aktuelle oppgåver kan være elevarrangement, nærvær på kveldar og i helger, organiserte tur- og idrettsaktivitetar, turneringar, debattar, dokumentasjon, laurdagsseminar, temadagar, humanitært arbeid, turar til kulturarrangement, ide- og prosjektutvikling og førebuing til kulturopplevingar. Skulen set pris på gode initiativ, noko det blir rikeleg rom for.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 1. februar hvert år.