Nøkkelinformasjon

Om studiet

Velkommen til Friluftsliv ++ // Norge og Svalbard ved Møre folkehøgskule! Her får du oppleve alt det beste Norge har å by på – frå nord til sør, inkludert ein spektakulær tur til Svalbard.

20210421_102205.jpg

 

Dette er linja for deg som vil oppleve Norge på sitt beste!

Velkommen til Friluftsliv ++ // Norge og Svalbard ved Møre folkehøgskule! Her får du oppleve alt det beste Norge har å by på – frå nord til sør, inkludert ein spektakulær tur til Svalbard. Linja gir deg eit heilt år fylt med fartsfylte aktivitetar, adrenalinkick og naturopplevingar som du aldri vil gløyme.

Vi tar deg med på fjellturar i dei mest ikoniske fjellområda i Norge, inkludert Sunnmørsalpane, Jotunheimen, Rondane og  Lofoten. Her får du gå toppturar til fots og med ski gjennom ulike årstider, samtidig som du lærer om trygg ferdsel, skredfare og risikovurdering. Vi tilbyr klatring både inne og ute, frå Sunnmørsalpane til Lofoten og Svalbard, med moglegheiter for å ta brattkort og fordjupe deg i klatreteknikk. Du får også prøve deg på Via Ferrata i Loen og opp til Skålatårnet.

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.