Nøkkelinformasjon

Om studiet

eXtremsport // Bali & Thailand er for deg som vil ta alt eit hakk vidare! Dette er friluftsliv på steroider. Er DU klar?

Linja eXtremsport // Bali & Thailand er for deg som vil ta alt eit hakk vidare! Vi klatrar ikkje berre i fjella rundt oss – vi sikter høgare. Kva med å kaste deg ut frå eit fly når fjella ikkje er nok? Med to episke reiser med surfing på Bali om hausten og dykking i Thailand om vinteren toppar vi det heile. Og som om det ikkje var nok, legg vi til ei veke med kiting på Finse, rå downhillsykling og nervepirrande elvekajakk for å gjere bildet komplett.

Du får kjenne på adrenalinet i vill natur – anten det er surfing i perfekte bølgjer, klatring i dramatiske fjell, eller å få frisk puddersnø under skia på skiturar du vil hugse for alltid. På Bali får vi òg sjansen til å gje tilbake, med hjelpearbeid der det verkeleg trengst, så du får oppleve både meining og meistring.

Dette er linja for deg som søkjer varige venskap, episk kameratskap, og actionfylte opplevingar du aldri vil gløyme. Klar for å utfordre deg sjølv litt ekstra?

Er du klar for å kjenne adrenalinet pumpe? Her får du hoppe i fallskjerm, klatre i episke Sunnmørsalpane og på tropiske klipper i Thailand, surfe bølgene på Nordvestlandet og Bali, og kite på snødekte vidder på Finse. Vi tar deg med på toppturar, løssnøkjøring, elvekajakk og heftig downhillsykling – alt for å pushe grensene dine. Dette er linja for deg som vil leve på kanten, få rå opplevingar og bygge sterke vennskap medan du utforskar verdas villaste natur!

Opptak til studiet

Folkehøgskolene starter opptaket 15. november hvert år.