Nøkkelinformasjon
Om studiet
Likar du å vere ute, fiske og lage mat på bål? Vil du lære deg gamle handverkstradisjonar- og teknikkar, og syns vikinghistoria er spennande? Då er du på rett plass.
Vikingane var kjende for sitt imponerande handverk, og dei likte å pynte seg. På vikinglinja får du prøve deg i handverkarrolla og lære fleire av handverksteknikkane som vikingane brukte. Du får gjere alt frå å smi ditt eige bestikk, spinne ditt eige garn og veve brikkeband til å sy dine eigne klede og sko. Du får sjølvsagt jobbe mykje med tre, ull, skinn og leire, og lagegjenstandar som vikingane gjorde.
På vikinglinja får du leve tett på naturen. Du vil gå mange turar i området, lære å sanke og hauste av det fjorden, fjella og skogen har å by på. Vi overnattar gjerne i telt eller under open himmel når vi har sjansen til det.
Dette får du vere med på:
🔨 Smi og arbeide med tre, skinn og tekstil
🚣♂️ Ro Myklebustskipet ved sjøsetting, verdast største rekonstruerte vikingskip
🔥 Lage mat på bål og i kokegrop
🎣 Fiske i fjorden, elvar og vatn
✨ Overnattingsturar under open himmel og i telt
⚔ Innføring i blankvåpen og bueskyting
📖 Historieforteljingar i langhuset
🐎 Ri og bli kjent med fjordhesten
🎒 Reise på «vikingtokt» til Island, vikinglandsbyen Gudvangen og andre kortreiste turar i vikingane sine fotspor
Dette er året du skal få kjenne historia på kroppen! Du får med deg kunnskap og erfaringar du kan bygge vidare på, enten du vil ta utdanning innan historie, arkeologi eller tradisjonshandverk. Ikkje minst får du ei verdifull pause frå tekniske dupedittar og det konstante tidsjaket som vi har i vår moderne tid.