Nøkkelinformasjon
Om studiet
Er du klar for å få deg ein skikkelig energiboost? Her skal du bli god på både å yte og nyte. Høgdepunktet for mange er treningsturen til Monte Feliz på Gran Canaria!
Dette er linja for deg som likar å trene og vil bruke året på å bli sterkare og utfordre deg sjølv.Du får variert trening, tett oppfølging og lære korleis trening, kosthald og kvile heng saman. For sjølv om vi trenar mykje, veit vi at søvn, mat og kvile er like viktig for framgang.Her får du kjenne på det gode folkehøgskulelivet, med kjekke aktivitetar, opplevingar som du aldri vil gløyme, og ikkje minst, det sosiale samhaldet.
💪 På treningsplanen får du:
- Funksjonell styrketrening
Lær deg teknikk, bygg kapasitet og test grensene dine innan:- Olympisk vektløfting og styrkeløft
- Kettlebells og kroppsvektøvingar (push ups, pull ups, muscle ups)
- Kondisjonstrening: intervallar, roing, svømming, sykling og løping
- Hinderløype, parkour og gymnastikk
- Mobilitet og fokus
- Bevegelighetstrening og mindfulness med yoga og pilates
- Akrobatikk
- Massasje
- Ernæring og livsstil
- Restitusjon og ernæring
- Personleg treningsplan og progresjon
- Mental styrke, søvn og coaching