Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120Kostnader
Semesteravgift 650 kr per semester.
Studieform
Samlingsbasert, nettstudiumStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Kjerna i Matkulturstudiet er forståing av heile matsystemet, frå produksjon av råvarer til ferdige produkt, sal og formidling. Gjennom studiet får du innsikt i korleis kvalitet, smak, tradisjon og berekraft formar norsk matkultur, og korleis desse elementa kan nyttast til å skape nye verdiar.
Studiet kombinerer teori og praksis og gir deg brei kompetanse i heile verdikjeda. Du lærer om matproduksjon, matvitenskap, matkultur og kommunikasjon, og får fordjuping i råvarer og produkt av fisk, kjøtt, planter, meieriprodukt, bakst og drikkevarer. Gjennom emne i økonomi, entreprenørskap og marknadsføring lærer du å utvikle, formidle og selje produkt knytt til mat og drikke.
Etter fullført utdanning har du kompetanse til å:
-
Etablere og drive eiga verksemd innan matnæringa.
-
Utvikle og vurdere produkt med tanke på kvalitet, smak og berekraft.
-
Ta leiarroller i matfaglege verksemder.
-
Undervise og rettleie andre i matfagleg arbeid.
Gjennom studiet lærer du korleis du kan bidra til verdiskaping både økonomisk og kulturelt, ved å forstå og utvikle alle ledd frå råvare til ferdig produkt, og ved å bidra til vidareføring av berekraftige og lokale mattradisjonar.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Formelle opptakskrav
Generell studiekompetanse (GSU) frå videregåande skule og relevante yrkesutdanningar frå Restaurant- og matfag i vidaregåande skule.
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Restaurant- og matfag
- Bakarfaget.
- Ernæringskokkfaget.
- Ferskvarehandlarfaget.
- Industriell matproduksjon.
- Kjøttskjerarfaget.
- Kokkfaget.
- Konditorfaget.
- Pølsemakarfaget.
- Servitørfaget.
- Sjømatproduksjon.
- Slaktarfaget.
- Butikkslaktarfaget.
- Institusjonskokkfaget.
- Sjømathandlarfaget.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Sluttkompetanse
- Bakerfaget
- Ernæringskokkfaget
- Ferskvarehandlerfaget
- Industriell matproduksjon
- Kjøttskjærerfaget
- Kokkfaget
- Konditorfaget
- Pølsemakerfaget
- Servitørfaget
- Sjømatproduksjon
- Slakterfaget
- Butikkslakterfaget
- Institusjonskokkfaget
- Sjømathandlerfaget
Opptaksinformasjon
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev, treårig yrkesfagleg opplæring eller med generell studiekompetanse.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

