Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120.00Kostnader
Semesteravgift på 550,- kr. pr semester
Studieform
Nettstøttet, samlingsbasertStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Interessa for lokal mat aukar, både innan næringa og hos forbrukarane. Fagskolen i Hordaland tilbyr fagskuleutdanning - Lokal matkultur - for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien. Kjerna i utdanninga byggjer på kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Studentane får ei opplæring med fokus på lokal matkultur, med eit breitt fundament i kulturarven til det nordiske kjøkkenet. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Hjeltnes.
Undervisningsopplegg
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på fulltid. Lokal matkultur som eit deltidsbasert nettstudie over 3 skuleår. Det blir 6 vekesamlingar kvart skoleår, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane og 6 veker praksis. Samlingane på skole vil innehalde mykje praksis, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. Mellom samlingane blir det nytta læringsplattformen It`s learning og ulike former for nettundervisning.
Opptakskrav
Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev / sveinebrev,
eller
> Søkarar med anna utdanningsbakgrunn, men som har god matkompetanse og / eller jordbrukskompetanse, kan bli realkompetansevurdert for å koma inn på studiet, td produsentar og vidareforedlarar av lokalmat. Realkompetanse skal vere tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføra fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.
Vidaregåande utdanning innan Restaurant og matfag kvalifiserer for opptak til studiet.
Relevant fagbrev er:
Bakar
Butikkslaktar
Industriell matproduksjon
Institusjonskokk
Kjøttskjærar
Kokk
Konditor
Pølsemakar
Servitør
Sjømathandlar
Sjømatproduksjon
Slaktar
Opptaksinformasjon
Utdanninga søkes via samordna opptak.
Karrieremuligheter
Etter ferdig studie skal studenten ha ein god basis til å etablere, leige og drive ei berekraftig matbedrift, ha leiande stillingar for serveringsstader, produksjonsbedrifter, reiselivsbedrifter eller daglegvarebransjen. Andre aktuelle arbeidsfelt kan vere innan matfagleg rådgjevingsteneste, varedistribusjon, matjournalistikk eller som lærar innan matfag.