Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Måløy
Austevoll

Nivå

Fagskolegrad

Studiepoeng

60.00

Kostnader

Kr. 3550,- pr. semester

Studieform

Nettstudium, samlingsbasert

Studietempo

Deltid

Søknadsfrist

15. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Antall semester

4

Opptakskrav

F-LHB-LEH0001

Antall studieplasser

15

Søknadskode (SO)

20084-49

Om studiet

Utdanninga «Leiing i havbruksoperasjonar» skal utdanne personell på leiingsnivå til sjøbasert servicenæring. Utdanninga skal bidra til ein auka formalkvalifikasjon, der leiing, sikkerheit og fiskevelferd er sentrale områder i opplæringa. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad i Måløy.

Utdanninga skal sikre tilgang til kvalifisert arbeidskraft til ei sjømatnæringa i sterk
vekst, der næringa sjølv peiker på heilheitleg kompetanse, og der spesielt leiing av
arbeidsoperasjonar er eit kjernepunkt.


Utdanninga er retta mot mellomleiar- og leiingsnivået. Kandidaten skal kunne leie operasjonar utført i tilknyting til sjøbaserte akvakulturanlegg, med servicebåtar eller andre mobile installasjonar som for eksempel avlusingsflåtar. 

Etter avslutta studie skal studentane ha kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som gjer dei i stand til å gjennomføre og leie havbruksoperasjonar på ein sikker måte i samsvar til lover, regelverk og anerkjente prinsipp.

Undervisningsopplegg

Studiet gir 60 studiepoeng og er nettbasert med samlingar over 2 år. Det er samlingar på til saman 240 timer med 5 samlingar à 3 dagar pr år.

Opptakskrav

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev

Relevante fagbrev er:

Akvakulturfaget
Fiske og fangst
Havbruksteknikkfaget
Sjømatproduksjon

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.

Realkompetanse:

Du skal dokumentere:

Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass

Opptaksinformasjon

Du søkjer via Samordna opptak. Studiet har ikkje oppstart med nye studentar hausten 2024.

Tilleggsinformasjon

5 samlingar pr år.

Alle utdanninger innen