Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120.00Studieform
Undervisning ved lærestedet, nettstudiumStudietempo
Heltid, deltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
I store delar av industrien, både landbasert og offshore, er behovet for teknikarar med kompetanse på automatisering stort. Alt frå dagleg drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, til utvikling og forsking på fagområdet, inngår i kvardagen til ein automatiseringsteknikar. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Nordnes i Bergen.
Opptakskrav
Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev
eller
> realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde, i tillegg til kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram. Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.
Liste over relevante fagbrev finn du på nettsidane våre.
Opptaksinformasjon
Du søkjer studieplass på Samordna opptak.
Karrieremuligheter
Utdanninga er veldig tverrfagleg og automatisering er en del av dei fleste bransjar derfor er ein fagskoleingeniør innan automatisering kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som for eksempel, automatiseringsleiar, innan planlegging, service og sal, innan olje/prosessindustri, elektromekanisk og elektrisk industri og byggautomatisering. I tillegg til dei nemne kvalifiserer utdanninga også for å bli faglærar i vidaregåande opplæring.