Nøkkelinformasjon

Logo Fagskulen Vestland
Logo Fagskulen Vestland

Lærested

Studiested

Førde

Nivå

Høyere fagskolegrad

Studiepoeng

120.00

Studieform

Undervisning ved lærestedet, nettstudium, samlingsbasert

Studietempo

Heltid, deltid

Søknadsfrist

15. april

Godkjenninger

  • Nokut
  • Lånekassen

Antall semester

4

Opptakskrav

F-TEK-ANL0007

Antall studieplasser

30

Søknadskode (SO)

20084-43

Om studiet

Fordjupingsområdet anlegg gjev deg opplæring i anleggskonstruksjonar, anleggsdrift, byggeplassleiing, landmåling, betong- og stålteknologi, fjellarbeid, kommunalteknikk og geoteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Førde.

Undervisningsopplegg

Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått bygg eller anleggslinje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike anlegsfag, og som no ynskjer meir formell kompetanse eller deg som har leiarambisjonar.

Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot av denne type arbeidskraft.

Utdanningstilbod  

Dette studiet er enten to-årig heiltid eller to-årig samlingsbasert over tre år.

Gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:

Tre fysiske samlingar. Fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag.

Seks nettsamlingar. To undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.

Gjennomføring av utdanninga

Studiet er basert på klasseromsundervisning, praktisk landmåling, bedriftsbesøk, innleveringsoppgåver, prøvar/testar, bruk av dataverktøy, sjølvstudie og prosjekt. Der er spesifiserte arbeidskrav i alle emner, som må oppfyllast. Jfr.studieplan.

Opptakskrav

  1. Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev
  2. Realkompetanse
  3. Søkjarar som kan dokumentere at de skal gjennomføre relevant fagbrev/sveinebrev etter opptaksfristen, kan tildeles plass på vilkår om bestått prøve.

Opptaksinformasjon

Du søkjer via Samordna opptak.

Kvalifikasjon/tittel

Fagskuleingeniør.