Fakta
16000
Informasjon oppdatert
13. februar 2024.
Om studiet
Samtidslitteratur for barn og unge er ei heilt nettbasert vidareutdanning for lærarar, bibliotekarar og andre litteraturformidlarar, og kan gjennomførast ved sidan av full jobb. Studentane lærer om dei sentrale tendensane innan eit breitt mangfald av litteraturformer. Forvent å lære om alt frå nye teikneserieromanar til berekraftstematikk i litteraturen. Studentane får tett veiledning, forutan dialogiske og fleksible arbeidsformer. Studiet kan justerast etter den einskilde sine behov for fagleg fordjuping. Studiet har eit gjennomgåande formidlingsperspektiv.
Opptakskrav
For å kvalifisere til opptak må du ha utdanning som kvalifiserer til arbeid med barne- og ungdomslitteratur eller formidling av slik litteratur. Det kan for eksempel vere bibliotekar-, litteratur-, lærar- eller andre relevante studium.
Opptaksinformasjon
Opptak skjer etter skriftleg søknad.
Se mer informasjon på studiestedets egne nettsider.