Portrettfoto av adjunkt Irene Tombre, ho er ikledt ein svart genser.

YrkesintervjuAdjunkt favoritt ikon

– For å jobbe som lærar må du vere glad i menneske – og klare å inspirere og skape motivasjon, seier Irene Tombre. 

Irene Tombre
29 år
Adjunkt med tilleggsutdanning
Thor Heyerdahl vidaregåande skole, Larvik 

Kvifor valde du dette yrket?

– Etter vidaregåande studerte eg først mikro- og nanoteknologi ved Universitetet i Sørøst-Noreg. Eg har alltid vore interessert i realfag, og syntest denne linja verka spennande og framtidsretta. Det var ho også, men etter kvart begynte eg å bli usikker på om det var riktig yrkesval for meg. Eg ønska å jobbe meir med menneske, og vere til hjelp for andre personar. Læraryrket såg eg derfor på som ein fin kombinasjon, kor eg både fekk moglegheit til å jobbe med menneske og med dei faga eg er interessert i. Eg starta derfor på lærarutdanninga og har aldri angra på det. Noko av det som appellerte mest til meg, var nok tanken på å kunne hjelpe menneske til å nå draumane sine, og forhåpentlegvis bidra til ein positiv skolekvardag for dei elevane eg skulle vere lærar for. 

fullsizeoutput_25b3.jpeg

Adjunkt Irene Tombre sittande med eit bord, med to elevar på andre sida av bordet. Ho held ein penn i handa og peikar på eit ark.
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Eg underviser i norsk, matematikk og naturfag. Først og fremst prøver eg å legge til rette for ei godt tilpassa opplæring, kor alle elevane kan oppleve utvikling, meistring og et best mogleg læringsutbytte. Det krev naturlegvis god planlegging av undervisninga, varierte og tilpassa undervisningstimar, og heile vegen å vurdere eleven sitt læringsutbytte. Med andre ord er for- og etterarbeid ein viktig og naturleg del av lærarens jobb. I tillegg til å følge opp elevane si faglege utvikling er det også svært viktig å følge opp at dei har det bra på skolen. I løpet av arbeidsdagen har eg derfor mange uformelle og formelle samtalar med elevane mine. Elles består jo også ein vanleg jobbkvardag av møte, samarbeid og fagutvikling. Eg er veldig interessert i å forbetre pedagogikken min og utvikle meg, så eg sett også av ein del tid til å lese oppdatert forsking og relevant litteratur. 

Kva krevjast for å kunne jobbe med dette yrket?

– Først og fremst meiner eg at du må vere glad i menneske for å jobbe som lærar. Ein må ha eit ønske om å etablere gode og positive relasjonar til elevane sine – det er hjørnesteinen i all klasseleiing. Du må klare å inspirere og skape motivasjon, og vere trygg i faga dine. Mykje av dette lærer du undervegs i studiet, så er du lærevillig og audmjuk, kjem du langt. Elles meiner eg at det er veldig viktig at ein lærar er villig til å utvikle seg og forbetre pedagogikken sin. Vi vurderer heile vegen elevane, men det er kanskje vel så viktig at vi vurderer oss sjølv opp imot eleven sitt læringsutbytte, og ser kva vi kan gjere betre.

Det er litt ulike krav i grunnskolen og i vidaregåande, men her på vidaregåande må du ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget ditt. Lærarutdanninga er femårig, og du har moglegheit til å velje dei faga du sjølv ønsker å undervise i. Mitt tips er å sørge for å få mykje praktisk erfaring frå starten av, for eksempel på ein barneskole. Då lærer du mykje og får knaggar å henge teorien på.

Kva liker du best med yrket ditt?

– Det aller beste må kanskje vere å sjå at elevane opplever meistring i faga, og at dei når måla dei sett seg. Eg er veldig opptatt av å ha ambisjonar for kvar og ein av dei, og det betyr mykje å sjå at dei lykkast. Det er også veldig givande å få bli kjent med så mange flotte elevar – dei gir meg mykje glede og inspirasjon. Elles liker eg godt at vi har ein såpass variert arbeidsdag, og at du rett og slett kan gjere det så gøy du sjølv ønsker. Det er ikkje noko likskapsteikn mellom høgt læringsutbytte og kjedeleg undervisning. Kanskje tvert imot. Du kan bruke kreativiteten din, og utnytte det handlingsrommet du har til å skape spennande og motiverande timar for elevane dine.

Kva liker du minst med yrket ditt? 

– Det er veldig lite eg ikkje liker. Eg gler meg faktisk til å gå på jobb kvar dag, og stortrivst som lærar. Viss eg likevel skulle peike på noko, må det kanskje vere å sjå elevar gjere val som ikkje bringar dei noko godt – kanskje hamnar dei i feil miljø, som påverkar dei negativt. Då prøver eg å rettleie og hjelpe dei inn på rett spor igjen, men det er jo ikkje alltid ein når heilt fram. Likevel kjem du langt med ein god og trygg relasjon, og heldigvis hender det at dei endrar retning – nokre treng berre litt tid på seg. 

fullsizeoutput_25b0.jpeg

Adjunkt Irene Tombre ståande med eit høgt bord, snakkande med to elevar.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Du har moglegheit til å ta leiarutdanning og jobbe som avdelingsleiar eller rektor, eller du kan ta tilleggsutdanning og jobbe som for eksempel spesialpedagog eller rådgjevar. Det som er ekstra gøy, er at ein heile vegen har moglegheit til å ta vidareutdanning i eitt av faga sine, eller utvide fagkretsen sin. Sjølv ønsker eg å ta ein master i matematikkdidaktikk etter kvart. Du kan også jobbe på barneskole, ungdomsskole og vidaregåande, og sjølv om alt handlar om undervisning, er det veldig forskjellige jobbar. 

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket? 

– Ein nyutdanna adjunkt startar på rundt 425 000 kroner i året. Lønna aukar med ansiennitet og vidareutdanning. Eg ligg foreløpig på rundt 550 000 kroner. 

Korleis reknar du sjansane for å få jobb i dette yrket? 

– Det er gode sjansar for å få jobb som lærar, men det er nok ein fordel å tenke igjennom fagkombinasjonen sin. Eg har ofte fått tilbakemelding om at det er ein fordel for skolen at eg har så brei fagkombinasjon som eg har. Eg har blant anna fordjuping i matematikk og norsk, i tillegg til at eg har studert programmering, naturfag, samfunnsfag og musikk. Det er ikkje nødvendig å ha så mange fag, men å ha fleire bein å stå på er alltid ein fordel, både for deg sjølv og arbeidsplassen. Elles trur eg det kan vere lurt å prøve seg som vikarlærar allereie i studietida. Då blir du kjent på ulike skolar, får god erfaring, og gjer du ein god jobb, stiller du kanskje sterkare til å få fast jobb seinare. Eg starta som vikar allereie første studieår, og har sidan då jobba mykje og fått mange jobbtilbod. Eg har fått moglegheit til å prøve meg på mange flotte arbeidsplassar, men ønsker å bli her på Thor Heyerdahl vidaregåande skole lenge. Det er ein fantastisk arbeidsplass, kor elevane si læring står i fokus.

Tekst:
Signe Steinnes
    • Noko av det som appellerte mest til meg, var nok tanken på å kunne hjelpe menneske til å nå draumane sine, og forhåpentlegvis bidra til ein positiv skolekvardag for dei elevane eg skulle vere lærar for. 
    • Vi vurderer heile vegen elevane, men det er kanskje vel så viktig at vi vurderer oss sjølv opp imot eleven sitt læringsutbytte, og ser kva vi kan gjere betre.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser