Fakta

Sted:
Skrivekunstakademiet Bergen
Studietype:
Årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 1. april

Informasjon er oppdatert av Skrivekunstakademiet

19. desember 2024.

Om studiet

Årssstudium i skapande skriving er eit fulltidsstudium over to semester, haust og vår, og gjev i hovudsak undervising i skriving og lesing av prosa og poesi.

Dette studiet høver for deg som vil bli forfattar eller ynskjer å fordjupe deg i skriving og tekstlesing ut frå personlege eller yrkesmessige grunnar.

Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Framfor å halde fram ein særskilt modell for skrivinga, tek ein utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.

Studiet byggjer på ein modell der ein vekslar mellom undervisning (60 prosent) og sjølvstudium (40 prosent).

Innhaldet i undervisninga kan delast i:

  • praktisk del med skriveverkstad og gjennomgang av studenttekstar
  • teoretisk del med undervisning i sjangerlære, teori, estetikk
  • formidling

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Søknad om opptak skal innehalde 10–15 sider nyskriven tekst (skrive i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter. Det kan vere ein samanhengande tekst, eller fleire kortare tekstar. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte.

Søknad skal elles ha opplysningar om:

  • personlege data
  • tidlegare utdanning
  • skrive- og leseerfaring
  • motivasjon for studiet

Alle utdanninger innen