× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Yrkesdykking favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar.

Studienivå

Forkurs

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Semester

2

Om studiet

Ein yrkesdykkar er aktiv, nøyaktig og har gode samarbeidsevner. Det er ein fordel om du er praktisk innstilt, likar utfordringar og er villig til å ta initiativ. Ein yrkesdykkar er først og fremst ein fagperson som gjer arbeid under vatn.

I dykkarutdanninga lærer du mange ulike dykkemetodar og former for undervassarbeid. Du lærer også korleis du skal fungere i eit dykkarlag. I tillegg til opplæring i dei fleste former for yrkesdykking, får du lære om dykkefysikk, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, utstyrslære, regelverk, HMS, sjømannskap, søkemetodar og dykkeleiing. Du vil også lære om anleggsarbeid, undervass-sprenging, varmearbeid, berging og legging av røyr, og dessutan allmennfag.

Arbeidsmengden tilsvarer 60 prosent av fulltidsstudium

Undervisningsopplegg

Teoriundervisninga skjer i klasserom og gjennom praktisk dykking. Dei praktiske øvingane startar i basseng innandørs og held fram med øvingar i sjø frå landbaserte dykkepostar og frå fartøy.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

eller fullført og bestått vidaregåande opplæring med Vg1 og Vg2 (innanfor relevant fagområde)

eller fullført fagopplæring med fagbrev / sveinebrev (innanfor relevant fagområde)

eller realkompetanse

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Som yrkesdykkar er du involvert i for eksempel anleggs- og inspeksjonsarbeid av bruer, kaier, røyrleidningar og olje- og gassinstallasjonar. Andre arbeidsområde er berging ved skipsforlis, tilsyn med havbruk og registrering av marinarkeologiske funn.

 

Yrkesdykkinga i Noreg har to retningar, dykking innanskjers og dykking i Nordsjøen. Begge retningar blir dekka av denne utdanninga.

Kvalifikasjon/tittel

Ettårig fagskoleutdanning for yrkesdykkere

Tilbys ved:

  • Bergen