× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Landskap og utvikling favoritt ikon

Universitet og høgskole

Studienivå

Årseining og kortare

Organisering

  • Nettstudium
  • Samlingsbasert

Studiepoeng

30

Kostnader

20 100

Om studiet

Landskap er møte mellom menneske og fysisk miljø, og ramme for all menneskeleg aktivitet. Landskap er våre naturlege omgivnader, men dei er også sosiale og kulturelle. Landskap utgjer rom for nyskaping, utvikling og samarbeid, men også bakteppe for til dels alvorlege ressurs- og interessekonfliktar.

I denne modulen går me inn i (kultur)landskapet som ressurs for nyskaping og utvikling, og me utforskar nye utfordringar og potensial i møtet mellom det rurale produksjonslandskapet og det urbane opplevingslandskapet.

Viktige tema er:

  • Kva er landskap?

  • Landskap og samfunn

  • Landskap og verdiskaping

  • Landskapsforvalting

  • Landskapskonfliktar og ”dialogbasert arealutvikling”

  • Studietur med fokus på landskap og verdiskaping

Modulen er på 30 studiepoeng og kan inngå i år 2 av bachelorgraden i bygdeutvikling. Kurset vil i stor grad byggja på pågåande forskingsarbeid rundt landskap, nyskaping, jordvern og arealkonfliktar ved HLB.