Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Sørøst-Norge
.


Om studiet
Er du interessert i kunst, handverk og tradisjonar? Du kan spesialisere deg i instrumentmaking, tre-, metall- eller tekstilhandverk.
Kvifor bachelor i tradisjonskunst?
Er du interessert i handverk, formgjeving og tradisjonar, kan du gjennom bachelor i tradisjonskunst fordjupe deg i dine interesser og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.
Studiet gjev deg praktisk og teoretisk innføring i tradisjonshandverk, formgjeving og tradisjonskunstens eigenart. Du vel å fordjupe deg i eitt av materialområda:
- Tre
- Metall
- Tekstil
- Instrumentmaking
Du får tett oppfølging gjennom alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste fagpersonane innan tradisjonskunstfeltet i Noreg og Norden.
Dette lærer du
Bachelorstudiet i tradisjonskunst: tre-, metall- eller tekstilhandverk inneheld ei brei innføring og vidare fordjuping i tradisjonskunst, innan eit av materialområda: tre, metall eller tekstil.
Kjerneområda i studiet er:
Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap:
- Praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping
- tradisjonelle handverksteknikkar og materialkunnskap
- utøving og skaping innan valt materialområde
- formidling og utstillingsarbeid
- tradisjonskunstens eigenart og formspråk
- materiell og immateriell kulturarv og deira gjensidige relasjon
Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv. Studiet fokuserar på ei heilskapleg forståing av:
- tradisjonskunst
- økologi
- samfunn
- etiske problemstillingar
Den utøvande/praktiske sida blir vektlagt. Studiet skal gje studenten innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Her vel du sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.