Fakta

Sted:
Campus Rauland
Studietype:
Årsstudium
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2025:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 12
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 222629

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Sørøst-Norge

.

Om studiet

Vil du studere folkemusikk på universitetsnivå? På campus Rauland ligg vår internasjonalt anerkjende og unike utdanning i norsk folkemusikk. Studiet trekkjer ikkje berre til seg studentar frå heile landet, men også frå heile verda!

Kvifor årsstudium i folkemusikk?

Er du interessert i musikk, dans og tradisjonar, kan du gjennom årsstudiet i folkemusikk fordjupe deg i dine interesser og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.

Her får du studere og utøve i eit unikt studiemiljø ilag med flinke, interessante og inspirerende medstudentar. Du får individuell undervisning på hovudinstrumentet og møter mange av dei fremste utøvarane og fagpersonane innan folkemusikk i Noreg og Norden. 

Dette lærer du

Årsstudiet i folkemusikk inneheld ei innføring i norsk folkemusikk og -dans. Kjerneområda i studiet er: 

  • Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap: praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping, utøving på hovudinstrument, biinstrument, dans og song, formidling og scenisk arbeid
  • Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv: musikkteori og analyse, kulturhistoriske fag, etnomusikologi, forsking og utviklingsarbeid. 

Kva slags jobb får du?

Folkemusikkstudia på Rauland utdannar fagpersonar i folkemusikk for heile det breie kulturfeltet. Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt, kan studiet kvalifisere til å arbeide i ei rekkje instansar:

  • som utøvande kunstnar med eiga bedrift
  • med formidling og pedagogisk arbeid
  • forsking
  • museums- og arkivarbeid
  • i musikk-/kultur- og mediebransjen
  • med kulturforvaltning på kommune- og fylkesplan
  • i scene- og arrangørfeltet og med organisasjonsarbeid. 

Kontakt med arbeidslivet

Kultursektoren er i rask endring. Vi har nær kontakt med feltet og legg til rette for at studentane får møte sentrale aktørar i kulturlivet som for eksempel frilansmusikarar- og dansarar, tradisjonsberarar, ulike festivalar i Noreg, internasjonale festivalar og nettverk, arkiv og bibliotek, bransjetreff (Folkelarm), forskingsmiljø og organisasjonsfeltet. 

Studentane får anledning til å spele konsertar på ulike areaner og festivalar i Noreg. På campus Rauland får dei arrangørerfaring under Vinterfestivalen, Vinterkappleiken og Folkemusikkscena i Rauland. Dette gjev arbeidserfaring og nettverk som studentane seinare kan bruke i yrkeslivet. 

Sosialt studentmiljø

Campus Rauland ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som danseklubb, spikkeklubb, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub kvar onsdag m.m. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus. 

Vidare utdanningsmoglegheiter

Studiet kvalifiserer for opptak til andre året i bachelor i folkemusikk. Vidare kan bachelor i folkemusikk kvalifisere for opptak til master i tradisjonskunst og til andre kulturrelaterte masterstudium. 

Du kan søke om å innpasset et år med folkemusikk i grunnskolelærerutdanningen og gjennomføre utdanningen på kortere tid. Det kan også være mulig å få innpasset mindre emner. 

Etter bachelor eller master kan ein med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) bli kvalifisert for arbeid i grunnskulens mellom- og ungdomstrinn, kulturskule, vidaregåande skule, folkehøgskule og vaksenopplæring. Du kan også bruke årsstudium i folkemusikk som eit av fem år i ei grunnskulelærarutdanning.

Kvalifikasjon/tittel

Årsstudium