Vil du studere folkemusikk på universitetsnivå? På campus Rauland ligg vår internasjonalt anerkjende og unike utdanning i norsk folkemusikk. Studiet trekkjer ikkje berre til seg studentar frå heile landet, men også frå heile verda!
Kvifor bachelor i folkemusikk?
Er du interessert i musikk, dans og tradisjonar, kan du gjennom ein bachelor i folkemusikk fordjupe deg i dine interesser, og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.
Studiet i folkemusikk gjev deg mellom anna praktisk og teoretisk innføring i norske folkemusikktradisjonar, kulturhistoriske fag og musikkformidling, og utfordrar deg til kritisk tenking og refleksjon kring folkemusikken og -kulturen si rolle i samfunnet. Du får individuell undervisning på hovudinstrumentet alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste utøvarane og fagpersonane innan folkemusikk i Noreg og Norden.
Dette lærer du
Bachelorstudiet i folkemusikk inneheld ei brei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkemusikk og -dans. Kjerneområda i studiet er:
Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap: praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping, utøving på hovudinstrument, biinstrument, dans og song, formidling og scenisk arbeid.
Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv: musikkteori og analyse, kulturhistoriske fag, etnomusikologi, forsking og utviklingsarbeid.
Den utøvande/praktiske og formidlande sida blir vektlagt. Studiet skal gje studentane innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til folkemusikken, -dansen og tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Du velgjer sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.