Fakta

Sted:
Campus Rauland
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Sørøst-Norge

.

Om studiet

Vil du fordjupe deg i tradisjonsdans, og samstundes utvikle deg som utøvar, formidlar og kulturarbeidar? Her får du solid kompetanse i dans, musikk og kulturarv – i eit sterkt og unikt fag- og studiemiljø på campus Rauland.

Kvifor bachelor i folkedans?

Du får høve til å kombinere tradisjon og nyskaping, og blir ein del av eit levande miljø med tett samarbeid mellom dansarar og folkemusikarar. 

  • Lær av nokre av dei fremste folkedansarane og pedagogane i landet.
  • Utforsk estetikken i tradisjonsdansen og skap nye uttrykk.
  • Delta på festivalar, framsyningar og internasjonale prosjekt.
  • Bli del av eit inkluderande studentmiljø med konsertar, arbeidslivsretta undervisning og samarbeid på tvers av fagområde.
  • Få tett kontakt med dansekompani og koreografar gjennom heile studiet.
  • Er du både musikar og dansar legg vi til rette for at du kan utvikle deg i begge deler.
  • Om du primært har erfaring frå andre dansesjangrar er du likevel velkomen til å søkje.

Les kva studentane seier: – Eit år vi ikkje vil gløyme (folkemusikk.no)

Dette lærer du

  • Danseteknikk og tradisjonsrepertoar:  Vi dykkar ned i danseteknikken og kjeldemateriale for tradisjonsdans.
  • Kropp og helse: Skadeførebygging, trening, grunnleggande anatomi og ernæring.
  • Musikk og rytme: Lyttekompetanse og samspelet mellom dansen og musikken.
  • Opplæring og kulturarbeid: Førebuing til undervisning og kulturarbeid.
  • Formidling: Koreografi, sceniske produksjonar og kreative prosjekt.

Deler av undervisninga er felles med studentane i folkemusikk og tradisjonskunst. Det er viktig å utvikle dansarar med god musikkforståing, og dersom du som student ønskjer å utvikle deg både som musikarar og dansar, blir det lagt til rette for det.

Gjennom studiet blir det fleire studieturar og du deltek du på festivalar, bransjetreff og fagseminar. Du møter dansekunstnarar, pedagogar, tradisjonsberarar, forskarar, idrettsfysiologar og fysioterapeutar.

Kva slags jobb får du?

Avhengig av korleis kvar enkelt student utformar studieløpet sitt gjennom fordjuping og prosjektarbeid, kan studiet kvalifisere til ulike arbeidsretninga som til dømes:

  • Utøvande folkedansar.
  • Formidling og scenisk arbeid.
  • Dans som helseførebyggande arbeid.
  • Pedagogisk arbeid i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule/ kulturskule/ Den kulturelle skulesekken.
  • Museums- og arkivarbeid.
  • Organisasjonsarbeid og kulturforvaltning.
  • Forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid.

Det er 357 kommunar i Noreg, og alle desse burde ha minst ein innbyggar med ein bachelor i folkedans for å styrke den lokale dansearven og alt det den kan tilby eit lokalmiljø!

Stor etterpørsel etter dansarar med folkedanskompetanse

Dansekompania Frikar, Mamelukk og Kartellet har omlag tre premierer og 100 forestillingar årleg. I tillegg driv dei pedagogisk verksemd, og kan melde om stadig aukande etterspørsel om folkedanskompetanse frå fleire av dei store teatera. Dansekompania på feltet melder at dei manglar dansekunstnarar med tradisjonsdans som basis. Folkedansens har også begynt å få naturlege plass i førebyggande og behandlande helsearbeid.

Sigurd Johan Heide. Foto: Marius Fiskum

Quote  Det finst jobbar, men manglar folkedansarar.

Sigurd Johan Heide, Kartellet

 

 

Silje Onstad Hålien. Fotograf: Knut Utler

Quote  Som koreograf slit eg med å finne dansarar til dei forestillingane eg ønsker å skape. Markedet treng dansarar, og at det er stor interesse for event som baserar seg på norsk tradisjonsmateriale, særleg for eit internasjonalt publikum.

Silje Onstad Hålien, dansar og koreograf i dansekompaniet Mamelukk

 



QuoteForskningen viser, at folkedans med levende musik og instruktion kan øge mental og fysisk sundhed hos unge udsatte og hos voksne med psykisk sygdom.
Fod på gulv

Sosialt studentmiljø

Campus Rauland  ligg i den vakre fjellbygda Rauland og deler lokale med kurs- og aktivitetssenteret Raulandsakademiet. Det kreative studentmiljøet pregar kvardagen, og det er mange aktivitetar ein kan delta i som dansekveldar, huskonsertar, klatring, brettspelkveldar, spikkeklubb, handverkskveldar, hardingfelegruppe, studentpub med dans og spel kvar onsdag. Kvart år blir Rauland Vinterfestival arrangert ved campus.

Studenter foran campus Rauland

Studentlivet ved campus Rauland

Rauland, et studiested fylt med lidenskap, inspirasjon og et unikt studentmiljø.

Rauland er ein av landets minste studentbyar, men også en av dei aller beste! Rauland er fleire år på rad kåra som ein av dei alle beste beste studiestadane, med førsteplass på studiemiljø og faglig kvalitet.

Studentum kårer landets beste studentbyer 2023

Skaff deg internasjonal erfaring

USN Rauland har stort fokus på internasjonalisering, og har kvart år fleire studentar frå ulike kantar av verda som vel å studere i Rauland. Som student blir du slik del av eit internasjonalt miljø. Andre internasjonale moglegheiter:

  • Utveksling med nordiske og europeiske institusjonar.
  • Deltaking i internasjonale prosjekt og festivalar. 
  • Utveksling med nordiske og europeiske institusjonar. 
  • Deltaking i internasjonale prosjekt og festivalar. 

Vidare utdanningsmoglegheiter

Studiet gjev  ferdigheiter og kunnskap  som  er aktuell  for å  kunne spesialisere seg vidare gjennom eit masterprosjekt  i tradisjonskunst eller  for vidare studiar innan  dans, helseforebyggande arbeid, pedagogikk, koreografi, musikk,  kulturstudiar  m.m.   

Etter fullført mastergrad er det  også høve til å søkje om  ph.d.. Det er også høve til å studere  vidare på mastergradnivå på andre utdanningar innan  dans, koreografi, musikk ved andre institusjonar.  Studiet kvalifiserer til  ulike praktisk-pedagogiske utdanningar.  

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor studium

Alle utdanninger innen