Historie - master favoritt ikon

Universitet og høgskole
Historiemiljøet i Tromsø har spesialisert seg på samisk- og urbefolkningshistorie, nordområda, andre verdskrig, registrering av historiske data og demografi, eldre tids historie, norsk-russiske relasjonar, lese- og skrivehistorie, og historieteori og -metode. Masterstudiet i historie gir kunnskap for djupare historiefagleg samfunnsanalyse, men også kompetanse for generell kritisk analyse med overføringsverdi til andre fag. Du vil dessutan få auka forståing for historieforskinga sin metode og teori og utvikle ei meir sjølvstendig haldning til historisk kjeldemateriale og framstillingar.

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Kostnader

0

Semester

4

Om studiet

Gjennom masterstudiet i historie lærer du deg historikarfaget. Du får sjølv prøvd deg på forsking gjennom masteroppgåva, og får trening i å vurdere kjeldemateriale, problemstillingar og litteratur innanfor eit avgrensa forskingsfelt. Du kan skrive om eit tema/problemstilling som du brenn for, anten aleine med rettleiar eller i forskingsgruppe eller eit forskingsprosjekt. Då kan du få støtte frå eit større nettverk, og bli kjent med eit større fagmiljø som forskar på det same som deg.

Studieprogresjon
Studiet er bygd opp av to delar, ein opplæringsdel (60 studiepoeng) og ei masteroppgåve (60 studiepoeng). Første semester får du ei innføring i historiografi og historieteori, samt ein introduksjon til mastergradsprogrammet, der du utarbeider prosjektskisse for mastergradsoppgåva. Allereie første semester får du komme i gang med arbeidet på masteroppgåva, ved at du får innføring i ulike teoriar og metoder du kan bruke, samt hjelp til å utarbeide eit prosjekt og ein plan for arbeidet dei neste semestera.

Andre semester vel du valemne på til saman 20 studiepoeng, normalt innanfor fagområdet historie, men du kan også velje emne frå andre fagområde som har relevans for arbeidet med masteroppgåva di. I tillegg byrjar du arbeidet med mastergradsoppgåva, som i hovudsak blir til i løpet av tredje og fjerde semester. Det kan vere særleg nyttig å starte innsamling av kjeldemateriale/litteratur i løpet av andre semester.

Tredje semester tek du eit emne i historiedidaktikk, der du mellom anna kan lære om danning av kollektive identitetar, minnepolitikk, kulturforvaltning, og bruk/misbruk av historie. Masteroppgåva skriv du med hjelp av ein rettleiar som du får tildelt andre semester. I tillegg leverer du kapittelutkast til masterseminaret. Du får såleis øvd på å skrive jamt over begge dei to åra, levere inn utkast til fristar, få tilbakemelding frå medstudentar og gi tilbakemelding på utkast frå medstudentar. Fjerde og siste semester arbeider du med ferdigstilling av masteroppgåva.

Obligatoriske emne
-
HIS-3001: Introduksjonskurs til mastergradsprogram i historie (10 stp.)
- HIS-3002: Historiografi og historieteori (20 stp.)
- HIS-3004: Historiedidaktikk (10 stp.)
- HIS-3900: Mastergradsoppgåve i historie (60 stp.)

Valemne
I andre semester vel studenten 20 valfrie studiepoeng, normalt tilbydd innafor fagområdet historie, men dersom det er gode faglege grunnar for det kan det gjevast dispensasjon frå dette kravet. Etter søknad om førehandsgodkjenning kan masteremne ved andre fagområde med relevans for arbeidet med masteroppgåva bli innpassa i graden. Dette må det søkjast om til programstyret i kvart enkelt tilfelle.

Eksamen/vurdering:
Emna har ulike eksamensformer, blant anna heimeeksamen, munnleg eksamen og prøveforelesing. Eksamensform er spesifisert i dei enkelte emneskildringane. Alle emna er vurdert etter karakterskalaen A-F, der A er beste karakter, E er dårligast og F er stryk (ikkje bestått). Det blir gitt høve til å gå opp til kontinuasjonseksamen ved karakteren F. Emnet HIS-3001 har dessutan evalueringsforma greidd/ikkje greidd.

Opptakskrav

Bachelorgrad i historie

Opptaksinformasjon

For opptak til mastergradsprogram i historie krev ein avlagt bachelorgrad eller tilsvarende med ei fordjuping på minimum 80 studiepoeng i historie. Fordjupinga skal ha ein progresjon der minimum 30 studiepoeng er på 2000 nivå (påbygningsnivå), eller tilsvarande. Det blir sett eit fagleg minstekrav for opptak på karakteren C, som blir regna ut frå eit gjennomsnitt av karakterane i fordjupinga. (Det blir gitt unntak om fordjuping i historie for bachelor i "Russlandsstudier". Her er 70 stp fordjuping tilstrekkeleg som opptaksgrunnlag.)

Karrieremuligheter

Masterstudiet i historie gir både ei djupare historiefagleg samfunnsanalyse, men også ein kompetanse for kritisk analyse allment som gjev overføringsverdi til andre felt. Studiet i historie kvalifiserer til undervisnings- og forskarstillingar ved universitet og høgskolar. Det kvalifiserer og til oppdragsforsking for offentlege og private oppdragsgjevarar. Elles vil mange med mastergrad i historie finne sitt virke innafor skole, kultur, arkiv, media og museum, eller som saksbehandlarar i privat og offentleg sektor.

Kvalifikasjon/tittel

MASTER I HISTORIE